Hopp til hovudinnhald

I morgon er det endeleg tid for Brukarrådet! Det er over 1200 påmeldte og me ser veldig fram til å dele desse dagane med dykk! Påmeldinga er framleis open.

Bilde av diverse matvarer

Det vert ein tettpakka og spanande program og du kan følga alt digitalt og kostnadsfritt.

Det er tid for å jobba smidigare og smartare. Det offentlige skal levere fleire og bedre tenester som gir auka verdi for brukarane og større gevinstar for forvaltninga. Me må samarbeide tettare! Me inviterer til diskusjon og innspel slik at me saman kan løysa nye og eksisterande behov for innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor.

Bli med på konkurranse

Klokka 10:00 i morgon får du høyre meir om Samarbeidsportalen, og her kjem det ein konkurranse der du kan vinne ein flott premie med gode smakar frå vestlandet. Følg med så kan du bli den heldige vinnaren.