Før sommaren vart erfaringsrapporten for Ansattporten ferdigstilt og sendt over til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Her får du siste nytt om Ansattporten og kan lese rapporten i si heilheit.
Dei siste åra har Digdir, saman med utvalde verksemder, arbeida med utvikling og pilotering av ei løysing for ansattpålogging.
Piloten har hatt som mål å svare ut om ID-porten kan fungere saman med autorative kjelder og kan skalerast.
Samtidig har piloten forsøkt å svare på eller gi indikasjon på om behovet treff mange verksemder og om konseptet vil gi samfunnsøkonomiske gevinstar.
Digdir sine anbefalingar
Resultatet av piloten er at kombinasjonen av desse to løysingane fungerer etter hensikta, og opplevast som ein god måte å løyse behova på. På bakgrunn av dette ser vi det som hensiktsmessig at arbeidet med Ansattporten vert vidareført, med tanke på å etablere den som ei fullverdig fellesløysing.
Vegen vidare
Digdir vidarefører i første omgang Ansattporten som ein utvida pilot. Det betyr at alle som er tenesteeigarar både i ID-porten og Altinn autorisasjon kan ta i bruk Ansattporten. Alle som innfrir desse krava og ynskjer å ta i bruk Ansattporten må ta kontakt med vår Servicedesk.