Hopp til hovudinnhald

Utfasing av PIN-kodebrev fører til endringar for dei som skal søke skuleplass i 2023. Elevar som ikkje allereie har ein eID, eksempelvis BankID, må bestille MinID.

30. november 2022

Fram til no har Digitaliseringsdirektoratet, i samarbeid med VIGO og skulane, oppretta MinID-brukarar til alle 10. klassingar. I samband med utfasing av PIN-kodebrev vert denne praksisen avslutta, no må eleven sjølv bestille aktiveringsbrev og opprette brukar. Her er nokre ting det er verdt for skular å merke seg:

  • Bestilling av aktiveringsbrev bør inn som ein felles aktivitet i klassen, på same måte som mange tidligare har hatt felles aktivitet på registrering av brukar.
  • Brevet sendast i posten, og det kan ta opp mot 14 dagar avhengig av postgang. Pass difor på at det er nok tid frå eleven bestiller brevet, og fram til eleven skal søke opptak.
  • Aktiveringskoden i brevet eleven mottar er gyldig i 30 dager frå bestilling. Pass difor på at elevane registrerer ein brukar i rimeleg tid etter at brevet er motteke.
  • Når eleven registrerer ein brukar, skal dei oppgje sin eigen e-postadresse og mobilnummer. Denne informasjonen brukast seinare i forbindelse med blant anna svar på skuleplass og stipend.

Det er sendt ut informasjonsbrev til skular, ved lærarar og rådgjevarar.