Vi i Digdir har mange spennande planar for e-ID-området i 2025. For å nå ein del av måla vi har sett oss treng vi å samarbeide med fleire av dykk.
Digital inkludering og fullmaktsløysing
Fullmaktsinnlogging er ei av dei høgst prioriterte områda for ID-porten i 2025.
Det er behov for ei nasjonal fullmaktsløysing som kan brukast både i offentleg og privat sektor. Om du skal hjelpe andre digitalt må du kunne logge inn på vegne av den du skal hjelpe. Målet vårt er å gi trygg tilgang til digitale tenester for alle, og nokre treng hjelp til dette.
Fullmaktspålogging i ID-porten
Digdir skal legge til rette for fullmaktspålogging gjennom ID-porten. Det vil ikkje vere fritt fram å bruke løysinga, det må finnast ei fullmakt eller relasjon mellom to personar. ID-porten er avhengige av autorative register for slike fullmakter. Det første registeret vi tilbyr er Vergemålsregisteret som vert forvalta av Sivilrettsforvaltningen i samarbeid med statsforvaltarane. Seinare vil brukerstyrte fullmakter gjennom Altinn Autorisasjon bli tilgjengeleg som del av moderniseringa av Altinn 3.
Krav til tenestene
Det er krav til sporing ved fullmaktspålogging, noko som gjer at du som kunde må gjere endring i dei enkelte tenestene som skal ta i bruk denne funksjonaliteten. Ved ei fullmaktspåloggingmottek tenesta di to fødselsnummer, både for fullmektig og fullmaktsgiver, og det er viktig at du har sporing at ei handling er gjort av ein fullmektig.
Fullmaktsinnlogging er tilgjengeleg for pilotering allereie no og vi treng kundar som vil teste dette.
Ansattpålogging - Frå pilot til ordinær drift
Ansattporten har vore i ein pilotfase i mange år og vi har hatt med oss ein handfull verksemder som har testa løysinga.
Dagens funksjonalitet går no over i ordinær drift. Alle som er kundar av ID-porten kan bruke Ansattporten til vanleg pålogging, og dei som er tenesteeigarar i Altinn kan og bruke organisasjonsvelgar-funksjonaliteten. Sjølvbetening er på plass og det er berre ta det i bruk. Bruksvilkåra og produktsider på Samarbeidsportalen er ikkje klare enda, men det er under arbeid.
Ny funksjonalitet
I pilotperioden fekk vi tilbakemelding frå fleire verksemder at det er behov for at vi gjer noko med arbeidsgivers pålogging, som for dei aller fleste er Microsoft Entra ID, tidlegare kalla Azure AD. Behovet er at offentleg tilsette skal kunne bruke Microsoft jobbkontoen sin til å samhandle på tvers med andre offentlege verksemder.
Vi vil no prøve ut å kople Ansattporten til Entra ID og få ein integrasjon mot fleire verksemder. Vi skal teste ut om det er eit forenklingspotensiale her ved at verksemder koplar seg til Ansattporten ein gong, også kan dei tilsette logge seg inn på alle tenester som andre verksemder tilbyr gjennom Ansattporten. Vi håpar vi her kan dekke eit behov der privat eID er oppfatta som «overkill». Her treng vi brukarar til å teste ut dette, både dei som tilbyr tenester og dei verksemdene som skal logge inn på desse tenestene.
Digital lommebok
Det komande året skal vi bruke på å finne ut korleis vi skal innføre dette regelverket og denne funksjonaliteten i Norge. Vi i Digdir er på jakt etter kundar som vil teste dette saman med oss, og private verksemder som vil motta desse bevisa som kan ligge i den digitale lommeboka. Vi gjer dette for at regjeringa får eit best moglege kunnskapsgrunnlag når dei skal bestemme seg for korleis dette skal innrettast i Norge.
Ta kontakt med vår servicedesk
Om di verksemd kunne tenkte seg å hjelpe oss å teste nokre av desse tenestene eller har spørsmål, ta kontakt med vår servicedesk.