EHiN 2023 gjekk av stabelen 7. og 8. november på X Meeting Point på Skjetten. Konferansen er Noregs største konferanse for e-helse og i år var det over 1400 påmelde deltakarar. Digdir er partner på konferansen, og har stand saman med DigiUng. Saman var vi også delaktig i ein panelsamtale med blant anna helseminister Ingvild Kjerkol.
Panelsamtale med DigiUng: Utvikling + teknologi = betre ungdomshelse
Kva tenkjer statsråd Ingvild Kjerkol, Mariann Hornnes (direktør Direktoratet for e-helse) og Frode Danielsen (direktør Digitaliseringsdirektoratet) om korleis vi saman kan løyse utfordringar helsevesenet står i, til det beste for dei unge? Dette var tema for eitt av åpningsinnlegga for årets konferanse.
Mange kom for å høyre Kjerkol og dei andre deltakarane på scena under denne sesjonen. Det vart snakka om både kunstig intelligens – korleis vi kan dra nytte av ny teknologi og korleis vi i det offentlege bør forhalde oss til KI, samt tverrsektoriell samfinansiering og korleis ein trur DigiUng ser ut om 5 år.
Treff oss på Digdir-standen
I år er dei offentlege utstillarane samla i eigen offentleg paviljong, og Digdir og DigiUng står saman felles stand. Her kan dei besøkende ved hjelp av touchskjerm følje brukarreisa til eksemplifiserte ungdommar i ulike aldre, kjønn, etnisitet og livssituasjonar. Dei har alle ulike ting dei lurer på som dei kan få hjelp og rettleiing til på ung.no.
Vi har hatt mange besøkande innom standen vår desse to dagane, og det er utruleg kjekt
Er du på EHiN så ønskjer vi gjerne at du kjem innom standen vår for ein god prat om digitalisering og samarbeid på tvers.