Hopp til hovudinnhald

Vi i Digdir har i oppgåve å rettleie offentleg sektor i korleis levere gode digitale tenester - våre nettstader skal vere eit førebilete for andre. I november vil vi setje ekstra fokus på bruk av nynorsk - derfor arrangerar vi #NynorskNovember

eg elskar nynorsk

Vi vil ha meir nynorsk!

Som offentleg verksemd pliktar vi å følgje Språklova, ei lov med føremål å styrke norsk språk og fremje likestilling mellom dei norske språka bokmål og nynorsk. Vi har også eit ansvar for å fremje det minst brukte skriftspråket, som er nynorsk. Vi pliktar derfor å ha minst 25 % av alt innhaldet på nettsider, i sosiale medier og i trykt materiell på nynorsk.

Her på Samarbeidsportalen har de kanskje lagt merke til at vi har meir innhald på nynorsk enn bokmål? Fleire av oss i redaksjonen har nemleg nynorsk som hovudmål.

Derfor tykkjer vi det er ekstra kjekt at vi og resten av Digdir no køyrer nynorsk på alt vi publiserar av redaksjonelt innhald i november - og vi utfordrar andre offentlege verksemder om å gjere det same.

Visste du at...

  • Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg, og det har dei to skriftspråka vore sidan 1885.
  • Språkforskning ved NTNU konkluderar med at nordmenn som brukar både nynorsk og bokmål får mange av dei same positive fordelane som fleirspråklege.
  • Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.