Integrasjonspunktet i eFormidling er ein lokal infrastrukturkomponent for sikker utveksling av dokument og meldingar med strukturert informasjon mellom offentlege etatar, innbyggarar og private verksemder. Bruksvilkåra for eFormidling seier at kundane må sørge for at Integrasjonspunktet er oppdatert til nyaste versjon til ei kvar tid. Dette er viktig, og me ønskjer å gjere det enklare. Me har difor jobba med ei løysing for å gjere denne oppgåva lettare for dykk som har, eller skal ta i bruk eFormidling.
Den nye komponenten vil gje automatisk oppdatering av Integrasjonspunktet når Digdir lanserer nye versjonar. Løysinga nærmar seg no lansering.
Komponenten for automatisk oppdatering av integrasjonspunktet vil gi auka sikkerheit gjennom sikringstiltak som: rulle tilbake dersom oppgradering ikkje vil starte, validring av autentisitet på nedlasta integrasjonspunkt og oppgraderingsvindu for å unngå kontortid.
Teknisk om komponenten
Komponenten er ein Java-applikasjon som køyrer som ei teneste, side om side med eit integrasjonspunkt. Komponenten fungerer i grove trekk slik:
- Samanliknar gjeldande integrasjonspunkt-versjon mot siste tilgjengelege og laster ned siste versjon
- Dersom det er ein nyare versjon tilgjengeleg, vert denne lasta ned til klienten.
- Gjeldande integrasjonspunkt vert forsøkt oppdatert til den nedlasta versjonen. Dersom den nye versjonen ikkje startar, rullar komponenten attende.
For at integrasjonspunktet skal bli oppdatert er det fleire tekniske krav som må bli støtta. Desse vil bli omtala i installasjonsrettleiinga. Teknisk informasjon og installasjonsrettleiing vil ved lansering av komponenten bli publisert på Digdir Docs.
Ta i bruk løysinga
Om di verksemd vil vere av dei første som tek løysinga i bruk tek du kontakt med oss. Det same gjeld om du har spørsmål og ønskjer å få til gang til den kommande installasjonsrettleiinga. Når lanseringstidspunktet er bestemt vil vi komme med meir informasjon.