Hopp til hovudinnhald

Bli med å foreslå kandidatar til årets digitale suksesshistorie!

Kven fortener Digitaliseringsprisen i år?

Digitaliseringsdirektoratet inviterar deg til å føreslå kandidatar som bidreg til å realisere regjeringa si digitaliseringsstrategi og visjon om éin digital offentleg sektor. Vinnaren vert kåra på Digitaliseringskonferansen 26. mai.

Det ligg ei klår forventning frå regjeringa om at offentleg forvaltning skal utnytte moglegheitene som gir gode tenester for brukarane og samstundes effektivisere forvaltninga. På Digitaliseringskonferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få heder og ære for sitt arbeid.

Årets jury

Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vel ut tre finalekandidatar som vert presentert på konferansen. Sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie vert gjort av deltakarrane på Digitaliseringskonferansen ved ei digital avstemming.

Bilder av årets jury for digitaliseringsprisen
Årets jury for Digitaliseringsprisen (f.v.): Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway, Marianne Hofseth-Olsen, administrerande direktør i Den Norske Dataforening, Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, Øyvind Husby, administrerande direktør i IKT-Norge, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør i KS og juryleiar Olav Skarsbø, Digitaliseringsdirektoratet.

Juryen (f.v.): Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway, Marianne Hofseth-Olsen, administrerande direktør i Den Norske Dataforening, Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, Øyvind Husby, administrarende direktør i IKT-Norge, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør i KS og juryleiar Olav Skarsbø, Digitaliseringsdirektoratet.


Årets juryleiar, Olav Skarsbø, håpar å få inn mange nominerte slik at juryen får litt å bryne seg på. Han forklarar kvifor digitaliseringsprisen er viktig:

Gjennom digitaliseringsprisen ynskjer løfte fram dei som har utmerka seg og som viser veg. Vi ser ei auka kraft på digitaliseringsområdet med fleire og betre tenester der brukaren er i sentrum. Mange legg ned svært mykje arbeid i å forenkle og forbetre tenesteproduksjon og prosessane i det offentlege.

På Digitaliseringskonferansen vil den eller dei som har lykkast best få heider og ære for sitt arbeid. Vi ynskjer å løfte fram eldskjelene!