Hopp til hovudinnhald

Me les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem.

Digitalt utanforskap

Anne Lise Breidvik om digitalt utanforskap

Innbyggarane får stadig meir erfaring med bruk av digitale tenester. Likevel har 10 % lite eller ingen erfaring med bruk av offentlege og private nettbaserte tenester. Digitalt utanforskap har ein høg kostnad for den enkelte og samfunnet.

Kva er digitalt utanforskap?

Brot på universell utforming kan føre til at personar eller grupper heilt eller delvis vert utestengde frå å delta på dei digitale samfunnsarenaene. Dette skapar digitale barrierar og risiko for digitalt utanforskap.

Personer har ulike forutsetninger for digital deltakelse. Noen kan bruke digitale verktøy, men likevel ikke ta del i det offentlige digitale tjenestetilbudet. Digitalt utenforskap innebærer manglende tilgang til eller mulighet til å bruke digitale tjenester som er nødvendige for å få innfridd sine rettigheter.

18 % har nedsett funksjonsevne

636 000 personar i Noreg har nedsett funksjonsevne. Dette utgjer 18 % av Noregs befolkning. Ein av ti personar med nedsett funksjonsevne er sjeldan/aldri på internett. Sjølv om det store fleirtalet er digitale, har personar med nedsett funksjonsevne lågare bruk av digitale løysingar og større vanskar med å bruke internett til å skaffe seg informasjon, varer og tenester, enn befolkninga elles.

Norge er eit stadig meir digitalt samfunn. Til liks med andre land i Norden, har vi høg tillit mellom befolkninga og offentlege myndigheiter, og dette har sett oss i stand til å ha ein offentleg sektor med digitale tenester som ligg heilt fremst i Europa.

Før alle er om bord, kan vi ikkje skru heilt av dei analoge tenestene. Men vi bør ha ein ambisjon om at fleire kan bli meir digitale ved å lage gode løysingar, gi nødvendig støtte og endre haldningane slik at vi unngår eit delt samfunn – både digitalt og sosialt.