Hopp til hovudinnhald

Det er stortingsval til hausen og i perioden 28. juli til 8. august vert valkortet sendt digitalt. Om lag 3,5 millionar stemmeberettiga innbyggjarar får valkortet i si digitale postkasse eller i Altinn. Les meir om korleis di verksemd kan bidra til føreseielegheit og stabile tenester i periode.

Illustrasjon av mobil med det digitale valkortet

Bidra til føreseielegheit og stabile tenester

Digdir ber våre kundar om å ta kontakt med oss dersom de skal sende varsel til innbyggjar, eller ventar auka trafikk i eigne tenester i perioden 28. juli til 13. september. Dette er eit viktig bidrag for å sikre stabilitet i ID-porten og offentlege digitale tenester.

Meld i frå til:

Servicedesk

Digdir forventar stabilt høg trafikk gjennom sommaren, der mellom anna studentar får svar på søknad om studieplass ved vidaregåande og høgare utdanning.

Det vil også vere mykje innlogging til koronarelaterte tenester. Testing, prøvesvar, vaksinebooking, koronasertifikat. Ut frå situasjonen no ser det rimeleg føreseieleg ut, men det kan endre seg raskt. Digdir har tett dialog med helse og følgjer med på situasjonen.

Digitalt valkort - enkelt og tidsparande

Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det kan spare tid i vallokalet. Når du opnar valkortet kan du gjerne ta eit skjermbilde av strekkoden, så har du det enkelt tilgjengeleg når du skal stemme.