IKT Orkidé gjer ein kjempejobb og løftar digitaliseringa i sine 9 eigarkommunar. Bevisst bruk av fellesløysingar og fokus på digital transformasjon gjer at dei er langt framme på mange fagområde, og har høg bruk av tenestane.
IKT Orkidé er eit IKT-samarbeid på nordvestlandet med 9 medlemskommunar: Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Samla har kommunane eit folketal på 55 963.
Veletablert
IKT Orkidé starta som eit IKT-samarbeid i 1997. Gjennom åra har dei sørga for moderne og framtidsretta IKT-løysingar og har gitt store besparelsar for medlemskommunane. Dei har fem faste tilsette, i tillegg til at dei kjøper ein del tenester hjå medlemskommunane.
Verksemda brukar mange fellesløysingar frå både Digdir og KS innafor fleire fagfelt, og som basis for egne løsninger. ID-porten, Kontaktregisteret og eSignering er alle fellesløysingar som er mykje brukt, mellom anna innafor barnevern, økonomi, tilsettingar og min side-løysing.
Høg bruk av fellesløysingane
8 av dei 9 medlemskommunane i samarbeidet er representert på topp 25-lista over kommunar i Noreg med høgst andel innloggingar til ID-porten per innbyggjar.
Tydeleg strategi
IKT Orkidé brukar som nemnt mange fellesløysingar frå både Digdir og KS som basis for eigne løysingar. Sentralt i strategien er fokus på digital transformasjon. For digital transformasjon er brukerfokus og brukeropplevelse svært sentralt, og IKT Orkidé brukar mykje tid og ressursar på innsiktsarbeid og brukarfokus før dei tek i bruk nye tjenester. Dette gir dei veldig god innsikt i arbeidet og gjer at dei svært ofte treff godt med sine løysingar. Det å gjennomføre eit slikt arbeid er essensielt for digital transformasjon innafor offentlig forvaltning.
"...." . En slik (digital) transformasjon medfører noe annet enn innføring av enkeltstående IKT system. En slik transformasjon medfører teknologiske valg, fokus på prosesser og arbeidsflyt og vilje til å se tjenesteproduksjon med nye øyne"
Meir i vente
Det er stor aktivitet også i tida framover, og i 2022 er heile 11 prosjekt i startfasen. Dette inkludera prosjekt innanfor barnevern, digihelsestasjon, barnehage og NAV. Allereie for neste år er 7 nye prosjekt på teiknebrettet.
Samarbeid er essensielt
For mindre kommunar er samarbeid essensielt for å kunne tilby gode digitale tenester til dei som bur i kommunen. Fleire peikar på at for mange små kommunar er tenestesamarbeid einaste mogleghet til å tilby sine innbyggjarar eit så breitt tilbod på digitale tenester og sjølvbetening.
Mange kommunesamarbeid i Norge gjer ein framifrå innsats for digitalisering i kommunane, og IKT Orkidé framstår som ein av fleire føregangssamarbeid mange kan nytta til inspirasjon og læring!