Ny søknadsrunde for medfinansiering

Fekk du ikkje søkt om medfinansiering i forrige runde? No har du sjansen!

Medfinansiering av nye digitaliseringstiltak

Det blir i statsbudsjettet kvart år løyvd midlar til medfinansiering av nye digitaliseringstiltak. Gjennom medfinansiering kan statlege verksemder og eventuelle samarbeidspartar få dekka deler av prosjektkostnaden til samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Både små og mellomstore tiltak i sektorane og tiltak på tvers av sektorar som støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi, kan få medfinansiering.

Søknadsfristen var 20. januar, men sidan heile potten ikkje vert brukt, vert det ny søknadsrunde no med søknadsfrist 2. august 2021.

Kven kan søke?

  • statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
  • kommunar/fylkeskommunar og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt kan ikkje søke, men kan gjerne vere samarbeidspartar
  • frivillege organisasjonar og næringsliv kan vere samarbeidspartar