Hopp til hovudinnhald

Utviklingsplanen for 2021 syner at det blant anna vil komme ny funksjonalitet, betre brukaroppleving i fleire av fellesløysingane - i tillegg til pilotering av ei ny fellesløysing.

Presentasjon av årets planar

Halvard Gjerde, som jobbar med strategi- og tenesteutvikling, fortel korleis vi skal utvikle fellesløysingane i år. Avslutningsvis diskuterer Halvard og Mari Jøndahl kva vi i Digdir ser for oss vil være dei viktigste utviklingsområda og kva de i verksemdene bør vere merksame på. Dei to ser også litt inn i glaskula på kva som eventuelt kan dukke opp av usikkerhetsmoment.

Rom for justeringar

Utviklingsplanen gir innsikt i alle planlagte leveransar og innhaldet i dei. Sjølv om innhald i leveransane er knytt opp til datoar kan det skje endringar i løpet av året.

- Vi oppdaterar fortløpande og endringar må påreknast både pga. Covid-19, men også at vi er godt klar over at det som nå mange kjenner som Schrems II dommen kan gjere det nødvendig å justere utvikling undervegs gjennom 2021, fortel Halvard.

Bli varsla om vedlikehald

Produksjonssettingar og vedlikehald vert varsla på samarbeidsportalen. Der det er venta nedetid i samband med produksjonssettinga eller vedlikehaldet, vert det også sendt e-post til e-postadresser som de har registrert som varslingspunkt.