Hopp til hovudinnhald

Skate invitera toppleiarar i offentleg sektor til eit digitalt toppleiarseminar 10. februar 2021 kl. 09:00-11:25. Seminaret rettar seg mot toppleiarar i statlege verksemder, kommunar og departement.

Kva er Skate?

Skate er eit akronym for Styring og Koordinering Av Tenester i E-forvaltning.

Skate består av direktørane i ni statlege verksemder og to toppleiarrepresentantar frå kommunesektoren. Medlemmane i Skate er oppnemnde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Siste oppnemning skjedde 1.1.2018 og gjeld for tre år.

Skate er leia av direktøren i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Første toppleiarseminar

Skate sitt første toppleiarseminar har overskrifta «Én digital offentlig sektor». Det er den same tittelen som digitaliseringsstrategien regjeringa og KS var saman om å etablere og lansere i 2019. På toppleiarseminaret tek me for oss det sentrale innhaldet i strategien og ser på kva den betyr for toppleiarane i offentleg sektor.

Kontakt

Servicedesk