Hopp til hovudinnhald

Ny samarbeidsportal er no på lufta. Me håpar den fell i smak og at de tek den godt i bruk.

Nytt rammeverk og design

Portalen er bygd på nytt rammverk og med den splitter nye profilen til Digitaliseringsdirektoratet. Visuelt er det store endringar frå den gamle samarbeidsportalen, og me har jobba mykje med å standardisere informasjonen om fellesløysingane og å få på plass gode og informative produktsider.

    Produktside for maskinporten

    Nytt domene

    Samarbeidsportalen har endra domene til samarbeid.digdir.no. I ein overgangsperiode vil alle sidene frå den gamle samarbeidsportalen peike mot det nye domenet.

    Neste leveransar

    Det gjenstår framleis nokre leveransar før all funksjonalitet er på plass i den nye portalen. Det vil komme fleire leveransar dei kommande månadane:

    • Aktivitetskalender med visning av aktuelle aktivitetar (konferansar, webinar, forum osv.) frå Digdir.no som omhandlar fellesløysingane.
    • Statuspage - nytt system for handtering av driftsmeldingar og varsel.
    • Venstremeny på temasider som skal gi bedre navigeringsmuligheiter i portalen.

    Gi oss ei tilbakemelding

    Har du innspel eller behov til den nye samarbeidsporalen som du ynskjer å dele med oss? Send oss ein e-post på servicedesk@digdir.no.

    Kontakt

    Servicedesk