Hopp til hovudinnhald

Mange verksemder har ein veg å gå for å få eit betre samarbeid. I årets erfaringsrapport ser Digitaliseringsrådet på kva som skal til for at verksemder kan samarbeide betre, og korleis vi må samarbeide i framtida.

Kva er Digitaliseringsrådet?

Digitaliseringsrådet er eit fagleg uavhengig organ oppnemnt av Kommunal- og distrikts-departementet. Det er ein anbefalt, frivillig ordning for statlege verksemder, òg for digitaliseringsarbeid der stat og kommune samarbeidar.

Rådet skal bidra til at statlege verksemder lukkast med endringsprosessar der digitalisering utgjer ein viktig del. Ønska effekt av Digitaliseringsrådet er å få til meir fornying, effektiv statleg ressursbruk og fleire gode digitale tenester som tar utgangspunkt i brukaren sitt behov.

Kvifor skal vi samarbeide?

Samarbeid på tvers av verksemder er nødvendig for at innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor skal oppleve ein enklare kvardag i møte med tenester fra offentleg sektor.

Korleis går vi fram?

Mange av utfordringane offentleg sektor prøver å løyse gjennom digitalisering, omhandlar store samfunnsutfordringar som ei verksemd, eitt departement eller ein sektor ikkje vil klare å løyse aleine. Samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå må difor bli ein del av offentleg sektor.

Rådet vender òg blikket mot framtida i årets rapport. Nokre trendar vil påverke offentleg sektor i tida som kjem. Kva vil desse trendane bety for leiarar som ynskjer fornying og meir samarbeid?

Digitaliseringsrådet gjer seg også nokre tankar rundt kva som må til for å lukkast i møte med desse trendene:

  • Tenk nytt om finansieringsprosessen
  • Del eigne og bruk andre sine løysingar
  • Del kompetanse
  • Meir rom for å eksperimentere