Hopp til hovudinnhald

Årsrapporten for fellesløysingane viser at 2022 var nok eit år med jamn trafikk og høg bruk av tenestane våre.

Tilbake til normalen

Som ein kan sjå i statistikken har løysingar som ID-porten, eFormidling og Kontakt- og reservasjonsregisteret hatt nedgang i trafikktala samanlikna med i fjor. Det er første gong pilene har peika nedover sidan desse løysingane vart lansert. Dette var som forventa, då "pandemi-året 2021" skapte veldig høg trafikk med covid-relaterte tenester og generelt auka bruk.

Utvikling innlogginger med ID-porten

Mange piler peikar oppover

eSignering, Maskinporten og eInnsyn har hatt ei god auke i bruk også i året som har gått. eInnsyn har jamt over vekst dei fleste månadar og 2022 hadde over 1,3 millionar fleire journalpostar enn 2021.

Maskinporten er framleis ei relativt ny løysing, men ein ser kurvane peikar oppover månad for månad på antall konsumentar.

eSingering er ei løysing fleire og fleire offentlege verksemder tek i bruk, og ein såg auke i antall signeringar kvar månad i 2022 samanlikna med året før. Totalt sett bikka Signeringsløysinga 2 millionar signeringsoppdrag, noko som utgjer meir enn 30% auke!

Utvikling eSignering

Spanande 2023

Året me no er godt inne i vert nok eit år med høg bruk av fellesløysingane våre. I år er det kommune- og fylkestingsval og digitale valkort, noko som vil gi høg bruk av både Digital postkasse og eFormidling. Fleire og fleire løysingar vert digitaliserte og me ser og føre oss at veksten på den daglegdagse bruken vil fortsette veksten i året som kjem.

Sjå all statistikken for 2022 her