Hopp til hovudinnhald

Årsrapporten for fellesløysingane for 2023 er klar - og den viser auka trafikk for dei aller fleste løysingane. Offentleg sektor og innbyggarane vert stadig meir digitale.

Vi er godt i gang med eit innholdsrikt 2024, og no har vi oppsummert fjorårets bruk av våre fellesløysingar i årasrapporten. Rapporten viser at fellesløysingane vert meir og meir brukt, av både offentlege verksemder og innbyggarane.

Oppgang på dei fleste område

Alle fellesløysingane våre hadde auke i trafikk, med unntak av Kontakt- og reservasjonsregisteret som hadde ein liten nedgang på antall oppslag (Grunnet overgang til ny plattform har vi ikke fullstendig tallgrunnlag for KRR i september måned 2023. Nedgangen er dermed i realiteten mindre enn vist i statistikken per no).

All trafikk er no over på nye ID-porten, og overgang til ny systemarkitektur har ikkje gått på bekostning av trafikk, som endte på i overkant av 297 millionar innloggingar, noko som var ein auke på ca. 12 millionar samanlikna med 2022.

Rekord i Digital postkasse og eSignering

Det vart sendt nesten 26 millionar brev til innbyggarane sin valgte digitale postkasse, noko som er ny rekord for løysinga. I løpet av året passerte ein og 3 millionar digitale postkassar, noko som gir grunnlag for at enda fleire brev kan gå digitalt i åra som kjem.

Med 2,4 millionar signeringar vart også der 2023 eit rekordår.

Du kan se trafikk, antall virksomheter og mer statistikk for alle fellesløsningene i årsrapporten under.