Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Som så mange år før er ein gjeng forventningsfulle Digdir-camparar på plass på Leikanger. Dei er allereie i gang med å løyse årets utfordringar.

Kva er DigdirCamp?

Kvar sommar, frå midten av juni til midten av august, tilbyr Digdir IT-studentar sommarjobb på Leikanger. På DigdirCamp får studentane bruke kunnskapen og ferdigheitane sine til å jobbe med konkrete IKT-oppgåver.

Årets oppgåve

Studentane sitt oppdrag denne sommaren er både spennande og utfordrande. Dei skal demonstrere bruk av digitale lommebøker og digitale bevis til å representere roller og rettigheiter ein brukar har blitt tildelt gjennom Altinn eller andre kjelder.

Oppdraget er kanskje ikkje så lett for alle å forstå. Ein analogi på dette kan vere ei fysisk lommebok. Du har fått utdelt eit førarkort som du har putta i di fysiske lommebok. Du reiser til apoteket og skal kjøpe reseptbelagt legemiddel og må då bevise at du er deg. Du presenterer førarkortet for personen i skranken, som kan sjekke at det er eit autentisk førarkort frå Statens vegvesen, og du får kjøpe det du skal ha. Digdir-camparane skal i dette scenarioet lage "Statens vegvesen" og "Personen i skranken".

Viktig rekrutteringsarena for Digdir

For oss i Digdir er dette eit viktig rekrutteringstiltak. Vi når ut til studentar i relevante utdanningsmiljø i heile landet. Vi knyttar kontakt med dei og dei blir kjende med utviklingsmiljøet vårt. To av fjorårets Digdir-camparar har no fast stilling i Digdir, henholdsvis på utvikling og teksnisk forvaltning.

DigdirCamp deltakarar 2024
Bak frå venstre: Magnus Løwer, Brage Halvorsen Kvamme, Daniel Neset, Karsten Selmer Friis. Framme frå venstre: Solveig Langbakk, Oline Flatabø Kleiven, Siri Eikeland, Elise Strand Bråtveit.

Digdir-camparar i 2024

Elise Strand Bråtveit, OsloMET, Anvendt datateknologi

Brage Halvorsen Kvamme, NTNU Trondheim, Dataingeniør - Systemutvikling

Magnus Løwer, NTNU Gjøvik, Dataingeniør - Cybersikkerhet og programmering

Solveig Langbakk, NTNU Gjøvik, Dataingeniør - Cybersikkerhet og programmering

Siri Eikeland, Universitetet i Oslo, Informatikk - Design, bruk og interaksjon

Oline Flatabø Kleiven, Universitetet i Bergen, Informasjonsvitenskap

Daniel Neset, NTNU Ålesund, Dataingeniør - Applikasjonsutvikling

Karsten Selmer Friis, NTNU Gjøvik, Programmering