Hopp til hovudinnhald

I forbindelse med NOKIOS var mange samla i Trondheim. Som i fjor nytta Digdir høvet til å samle aktuelle aktørar for ein rundebordssamtale om problemstillingar innan meldingsutveksling. Vi delte erfaringar og diskuterte tiltak på kort og lang sikt. Som bakteppe for samtale fekk me ein gjennomgang av strategiutkast for produktgruppe meldingsutveksling frå Digdir.

10. november 2023

Bakgrunn

I fjorårets rundebordsamtale diskuterte vi kva som skulle til for å ta i bruk meldingstype Taushetsbelagt post i Altinn. Denne var klar allereie i 2019, men enda ikkje teke i bruk. Noko av formålet digital kommunikasjon, også med private legar og legekontor. I år har vi fått erfaring frå bruk av denne og andre meldingstypar.

Her står vi no

Legeforeningen har gitt tydeleg beskjed om at dei ikkje er nøgde med dagens praksis. Andre verksemder opplever den nye meldingstypen som nyttig. Våren og sommaren hadde fleire mediesaker knytta til utfordringar i meldingsutveksling. Vi treng åpenbart å jobbe saman for å ta ned risiko og forenkle.

Behovet for bedre samhandling og oversikt over heile verdikjeda har komme tydeleg fram. Tre timar vart sett av, og før vi gjekk på konkrete case og diskusjon av desse, fekk vi ei oppdatering frå Leo Sande Gasnier i Digdir, på korleis erfaringane blir brukt rett inn i moderniseringsarbeidet i Altinn Studio. Han oppfordra også til å delta i opne møter om Altinn formidling.

Inviterte deltakarar representerte statleg og kommunal sektor som har teke i bruk nye meldingstypar, samt leverandørar av sak-/arkiv løysingar. Spesielt verdifullt var det at sentrale ressursar frå tre store forvaltarar av digitale fellesløysingar var tilstades; KS Digitale Fellestenester, Digdir og Norsk Helsenett. Felles for alle deltakarar er at dei har innsikt i problemstillingane frå ulike ståstader, og kan bidra til å belyse behovet. Dei er engasjerte, vil og kan bidra til bedre løysingar og god praksis.

Målsetting

  • Få ein avsjekk på at Digdir sin produktgruppestrategi dekkar behova.
  • Etablere felles forståing av dagens utfordringar og diskutere tiltak.
  • Samlast for å styrke nødvendig samarbeid.

Oppfølging

  • Digdir oppsummerer innspel og oppfølgingspunkt, og vil arbeide for tilstrekkeleg samordning mellom Norsk Helsenett, KS DIF og Digdir i tiltaka. Koordinering av kommunikasjon rundt tilgjengelege løysingar og god praksis kom også opp som eit av fleire aktuelle tiltak.
  • Planlegge å møtast igjen fysisk, for vidare oppfylgjing. Dette kan gjerne skje i samband med etablert møteplass som eKommune eller Digitaliseringskonferansen neste år.