Hopp til hovudinnhald

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik kom på besøk på Digdir Leikanger på tysdag.

besøk av statsråd Gjelsvik

Besøkte DigdirCamp

Eit av formåla med besøket til Gjelsvik var å treffe Digdir-camparane. Statsråden hadde spørsmål rundt kompetanse, rekruttering og bygging av fagmiljø. Han var spesielt interessert i fjernleiing, og vi viste korleis Digdir jobbar på tvers av fagområder og lokasjonar. Statsråden var imponert over måten Digdir har lukkast med å bygge sterke kompetansemiljø og å utvikle digitale fellesløysingar som er blant dei beste i Noreg og Europa - og meiner det er heilt avgjerende å bygge sterke kompetansemiljøer, slik Digdir gjer.

Statsråden var imponert over kompetansemiljøet og meinte fleire verksemder burde lære av Digdir-camp.

Fleire tema vart teken opp

Statsråden vart orientert om Digdir si verksemd, fellesløysingane, tilsynet, livshendingane og samanhengande tenester. Finansiering og rammevilkår var også eit tema.

Digitalt utanforskap vart òg teken opp, og Digdir delte sine tankar om korleis både Digdir og offentleg sektor kan jobbe for å hjelpe dei som fell utanfor digitalt. Statsråden var interessert i historikken rundt noreg.no, Mi side og eit felles offentleg kontaktpunkt eller servicesenter.