Hopp til hovudinnhald

På torsdag var 40 toppleiarar frå ulike delar av offentlig sektor i Thailand på besøkt hjå oss i Digdir, for å høyra meir om Norge sin bruk av digitalisering, digitaliseringsstrategi og våre fellesløysingar.

Besøk

Delegasjonen frå Thailand fekk ei innføring i korleis Digdir og Norge jobbar med digitalisering. Sentralt sto Norges Digitaliseringsstrategi og fellesløysingane.

Styresmaktene i Thailand jobbar med ein digital utviklingsplan, og dei har også vore innom digitaliseringsstyrelsen i Danmark på sin reise. Dei peika på ein del utfordringar knytt til tenester som ikkje var digitalisert, manglande data og bruk av ulike plattformar.

Fokus på fellesløysingane

Olav Skarsbø presenterte dei nasjonale fellesløysingane og la vekt på verdien av desse for offentleg sektor og innbyggjarane i Norge. Delegasjonen var svært nøgd med presentasjonen dei fekk, og tek med seg mykje lærdom i sitt vidare arbeid med å løfta digitalseringa i Thailand.

Det vart vist gode døme på tenester som gir stor verdi for innbyggar innafor helse, køyretøy og andre område Norge ligg langt framme på, med fokus på fellesløysingar og godt samarbeid på tvers av offentlige organ.