For at kundar og leverandørar enklare skal kunne ta i bruk eFormidling, har me utbetra dokumentasjonen. Det er komme gode introduksjonar til utvikling og testing, samt utbedringar knytt til konfigurasjon, meldingar og grensesnitt.
Du skal no finna gode introduksjonar og beskrivelse av funksjonaliteten i eFormidling. Det er eigne menyvalg som beskriv utvikling og testing detaljert og med anbefalingar til korleis det best kan løysast.
Dokumentasjonen har fått eit stort løft, og vil vera til stor hjelp for utviklarane ute hjå kundane våre som skal setta opp eFormidling
Utbetra dokumentasjon på fleire område
Det er gjort eit større arbeid med å utbetra dokumentasjon knytt til konfigurasjon, meldingar, grensesnitt også vidare.
Me jobbar mot å ha best mogleg dokumentasjon om våre fellesløysingar til ei kvar tid, så dersom du har innspel til utbetringar høyrer me gjerne frå deg!