Ny versjon av integrasjonspunktet

Førre veke kom ein ny versjon av integrasjonspunktet (2.8.0). Den nye versjonen inneheld funksjonalitet som er relevant for verksemder som brukar proxy-klient i samband med ny transportinfrastruktur.

30. mai 2022

Den nye versjonen vart gjort tilgjengelig den 24. mai og inneheld denne gangen berre ein ny funksjonalitet, som er direkte knytt til overgang til ny transportinfrastruktur.

Funksjonalitet

  • Lagt til støtte for DPI-kvitteringar på gammalt format for å støtta proxy klient funksjonalitet

Feilrettingar

  • Lagt til manglande felt i arkivmelding etter mapping frå SvarInn
  • Manglande transaksjon ved handtering av kvitteringar for DPI