Medfinansieringsordninga har heile 190,6 millionar å dele ut til samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak i 2022.
Søk om medfinansiering
Kva type tiltak kan få midlar frå medfinansieringsordninga?
Midlane til medfinansiering blir lyst ut i oktober, når forslag til statsbudsjett er lagt fram.
Potten til medfinansiering vil gå til to kategoriar tiltak:
- Små og mellomstore prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 50 mill. kr.
- Tiltak som støttar opp under målet om samanhengande tenester i regjeringa sin digitaliseringsstrategi, som er samfunnsøkonomisk lønsame og har total prosjektkostnad inntil 100 mill. kr., dvs.:
- strategisk prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.)
- tverrgåande tiltak.
Kven kan søke?
- statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
- kommunar/fylkeskommunar og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt kan ikkje søke, men kan gjerne vere samarbeidspartar
- frivillege organisasjonar og næringsliv kan vere samarbeidspartar
Søknadsfristen er 21. mars 2022.