Hopp til hovedinnhold

Skates andre toppleiarseminar vart arrangert digitalt den 8. februar. Tema var "Sammenhengende tjenester med brukeren i sentrum". Her kan du lesa meir om deltakarane, samt sjå oppptak frå seminaret.

Programmet spente frå samanhengande tenester med brukaren i sentrum, via digitalt utanforskap og nasjonale grunndata til samarbeid på tvers og og over forvaltningsnivå.

Det var fokus på at skal ein nå ambisjonen om at tenester skal opplevast som samanhengande, lyt ein samarbeida med brukarane, i forvaltninga, med næringslivet og med frivillige organisasjonar. Brukarane skal møta heilskaplege tenester på tvers av forvaltninga.

Kva er Skate?

Skate består av direktørane i elleve statlige verksemder og tre toppleiarrepresentantar frå kommunesektoren. Medlemma vert oppnemnt av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) i samråd med KS for kommunerepresentantane. Siste oppnemning gjeld perioden 1.1.2021 - 31.12.2023.