Då Statens sivilrettsforvaltning skulle utvikle nye skjemaløysingar valde dei å bruk Altinn studio (Altinn 3) og eFormidling.
Behov for effektivisering
Før moderniseringa bestod saksbehandlinga av vergemål av mange manuelle prosessar. I den nye løysinga vert alle skjema sendt frå Altinn studio via eFormidling til postmottak. Dette har ført til betydeleg mindre ressursbruk då prosessane er automatisert og det ikkje lengre er behov for ressursar til blant anna mottak av skjema og registrering av metadata.
Statens sivilrettsforvaltning var dei første som tok i bruk denne løysinga og jobba tett med utviklarar i Digdir.