Hopp til hovudinnhald

Frå 1. februar gjaldt nye krav om universell utforming av nettstadar og appar som følgje av EUs webdirektiv. Dei nye krava gjeld for offentleg sektor, som skal ha tilgjengelegheitserklæring på sine nettsider.

Samarbeidsportalen er omfatta av det nye regeleverket og du kan finna tilgjengelegheitserklæringa i footeren på nettsida. Det same gjeld og for Digdir Docs (teknisk dokumentasjon) og Status.digdir.no.

Heile offentleg sektor

Dei nye krava gjeld for offentleg sektor, og er eit viktig steg for å redusere digitalt utanforskap, fordi det bidreg til at offentlege nettstader vert meir tilgjengelege for alle innbyggjarar.

Kontakt oss

Dersom du finn avvik hjå oss set me pris på om du tek kontakt med oss på e-post eller via tilbakemeldingsskjema på sidene.

Kontakt

Servicedesk