Årets siste møte i styringsrådet for eInnsyn

Tysdag 15. desember vart tredje møte i styringsrådet for eInnsyn gjennomført. På agendaen var status for drift, forvaltning og utvikling i 2020 og planar for 2021.

18. des 2020
Illustrasjon av bygninger og mennesker

Møtet vart leia av avdelingsleiar for digitale fellesløysingar, Torgeir Strypet. Produktsjef Stein Magne Os presenterte planlagde utviklingsoppgåver for 2021. Det vart lagt opp til gode diskusjonar for å sikre nyttige tilbakemeldingar.

I tillegg orienterte Espen Sjøvoll i Arkivverket kort om regulatorisk sandkasse for arkiv, data og offentlegheit, og skal vere eit verkemiddel for å fremje ansvarleg innovasjon. Sandkassen vil vere eit samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet, og har oppstart i 2021. Det var felles einigheit blant deltakarene at dette er spennande initiativ med ein viktig tematikk, og styringsrådet ønsker å vere involvert i arbeidet framover.

eInnsyn i kommunal sektor

Det vart gitt ei kort orientering om status og planar for utbreiing av eInnsyn i kommunal sektor. Som første fylkeskommune i landet tok Trøndelag i bruk eInnsyn frå 1. desember 2021. Kari Myhre, i Trøndelag fylkeskommune, delte kort sine innleiande erfaringar med løysninga.

Digdir takkar for eit godt møte, og ser fram til mange gode innspel, saker, tema og diskusjonar i styringsrådet i 2021.

Møtedeltakarar

  • Arkivverket - Espen Sjøvoll

  • Norsk Presseforbund - Tron Strand

  • Nærings og fiskeridepartementet - Jørn Holen

  • Mattilsynet - Mona Støve

  • Trøndelag fylkeskommune - Kari Myhre

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet - Solveig Geithus

  • Oslo Kommune, plan og bygningsetaten - Hilde Tvervik Juva

  • Oslo Kommune, bystyret - Lars Arne Ryssdal

  • Digitaliseringsdirektoratet - Torgeir Strypet