Hopp til hovudinnhald

Frå utgangen av veke to i 2024 avvikler me funksjonen for å senda møtedata til eigen kø i eInnsyn. Det er ikkje lenger behov for den auka kapasiteten, og det vil ta ned kompleksiteten i løysinga.

29. november 2023

Den ekstra køen for møter vert avikla i løpet av veke 2 i januar 2024, og det vil ikkje lenger vera mogleg å sende til denne. Årsaka er at det ikkje lenger er behov for den auka kapasiteten, og det bidreg til å ta ned kompleksiteten i løysinga.

Kva må de endra?

Dei verksemdene som i dag brukar løysinga må endra prosesstype frå "meeting" tilbake til "journalpost".

I loggen på integrasjonspunktet vil ein sjå følgjande:

process_identifier
urn:no:difi:profile:einnsyn:meeting:ver1.0

vil forsvinne og bli erstatta med:


process_identifier
urn:no:difi:profile:einnsyn:journalpost:ver1.0

Test endringa

For å testa at endringa er korrekt implementert kan de:

1. Overføra eit møte

2. Utføra endringa i prosesstype

3. Endre noko av innhaldet i møte og så overføra det på nytt

4. Dersom endringa er korrekt utført vil ein då ikkje finna "meeting" i process_identifiser og møte skal vera oppdatert med dei endringane som er gjort.

Kontakt

Servicedesk