Arkivverket og Digdir har sidan 2021 gjennomført fleire sandkasseprosjekt, men i 2023 kjem ikkje Arkivverket til å ta opp nye deltakarar.
Ikkje nok ressursar
I Arkivverkets og Digitaliseringsdirektoratets regulatoriske sandkasse for arkiv, data og offentlegheit har det sidan oppstarten i 2021 blitt gjennomført fleire spanande innovasjonsprosjekter.
I år har dessverre ikkje Arkivverket ressursar til å ta opp nye prosjekt. Dette betyr ikkje at regulatorisk sandkasse leggast ned. Målet er å gå i gang med nye søknadsrunder i 2024, med forutsetning at dei får midlar til satsinga på Innebygd arkivering.
Det vi lærer i sandkassen gir oss viktig kunnskap om hvordan regelverket bør utformes for at offentlige virksomheter skal kunne løse sine samfunnsoppdrag, samtidig som de etterlever arkivkravene.
Kan på sikt føre til at dokumentasjon går tapt
Digitaliseringen av samfunnet utgjer ei stor utfordring for korleis informasjon blir tatt vare på. Allereie i dag går viktig informasjon tapt, og om vi ikkje klarer å tenke nytt om korleis vi tek vare på digitale data, vil dette bli et mykje større problem.
Arkivverket og Digitaliseringsdirektoratet har oppretta regulatorisk sandkasse for arkiv, data og offentligheit som eit utviklingstiltak for å møte denne utfordringa. Sandkassen gjer det tryggere for verksemder å prøve ut nye løysingar og metoder utan å bryte arkivregelverket.