Kva fellesløysing dobla trafikken i juli?

I juli vart det publisert nesten dobbelt så mange journalpostar samanlikna med juli 2021. Her får du månedsstatistikken for juli.

eInnsyn

Løysinga har over 500 000 fleire publiserte journalpostar i juli samanlikna med samme månad i fjor. Totalt vart det publisert 1 054 337 journalpostar på eInnsyn i juli. Ein del av auken er knytta til at Stavanger kommune tok i bruk eInnsyn i løpet av sommarmånaden.

Kva aldersgruppe har høgast andel postkassar?

I aldersgruppa 36-40 år har over 71 % av innbyggjarane oppretta seg med ein digital postkasse enten hjå Posten eller e-Boks. Dette er den aldersgruppa med høgast andel postkassar.

Aldersfordeling juli