Hopp til hovudinnhald

eInnsyn har fått ny funksjonalitet for identifisering av fødselsnummer og forbetra visning av fulltekstdokument

27. november 2020
Bilde av dame
pexels.com

Kvalitetssikring av postjournal

Digitaliseringsdirektoratet ynsker å bidra til kvalitetssikring av personvernet i eInnsyn. Det er verksemdene sitt ansvar å kontrollere postjournalen før den vert importert, men for å redusere risiko er det lagt inn ein automatisk sjekk på metadata for å identifisere fødselsnummer og hindre at det vert publisert. Verksemdene vert varsla på e-post dersom løysinga oppdagar fødselsnummer i postjournalen. E-postvarselet vil ikkje innhalda fødselsnummeret, men saks- og dokumentnummer slik at journalposten kan identifiserast og rettast.

- Vi er fornøgde med å ha fått på plass denne funksjonaliteten og kjem til å jobbe vidare med personvernaukande tiltak, seier produktsjef for eInnsyn, Stein Magne Os.

Forbetra visning av fulltekstdokument

Til no har enkelte dokument som det er lenka til ikkje blitt vist i nettlesaren, men ein har måtte lasta dei ned og valt visningsalternativ. Dette skal no vere retta og alle fulltekstdokument kan no lesast direkte i nettlesaren eller som PDF, avhengig av oppsett i nettlesaren som vert brukt.