Sak/arkivleverandøren Sikri er i gang med sitt årlege forum. Konferansen går over tre dagar og vart innleia i går på The Hub i Oslo. Ca 400 deltakarar er påmeld med stor tyngde på kommunale og interkommunale aktørar. Sikri er ein viktig samarbeidspartner for Digdir, og vi er på plass med stand og deltek i fleire innlegg.
«Fortid - Framtid – Forbetring»
Årets tittel på konferansen er «Fortid - Framtid – Forbetring». Dokumentasjon, forvaltning og sikkerheit er i søkelyset som aldri før, og det er viktig å halde seg oppdatert for å kunne levere dei beste tenestene. For å lukkast er vi avhengige av å samarbeide på tvers av offentleg og privat sektor, lære av kvarandre og utvikle nye løysingar saman.
Digdir deltek med fleire innlegg
I går deltok Steinar Henriksen i Fagforum Stat. Temaet for den sesjonen var «Kva for moglegheiter gir Arkivmeldingen, og kva betydning har eFormidling og FIKS Arkiv for integrasjonar og korrespondansar?»
I dag har Bodhild Therese Cirotzki vore på scena og fortalt deltakarane om eInnsyn – og om kvifor innsynsløysingane er så viktige for demokratiet i Noreg.
Finnur Olafsson skal presentere Altinn Studio, og fortelje om moderniseringa som mogleggjer ytterlegare forenkling av måten tenester kan byggjast og leverast på. Digdir vil vise døme på korleis ein enkelt kan ta i bruk den nye og moderne plattforma for å bygge digitale tenester.
Onsdag skal Tom D. Nesvåg, jurist i UUtilsynet halde innlegg og fortelje kva eit tilsyn med universell utforming av ikt er, korleis tilsynet gjennomfører sine kontrollar og kva dei finn av feil. Han vil også komme med tips til kva verksemdene sjølv kan gjere.
Møt oss på stand
Digdir har som samarbeidspartnar til konferansen, stand i «vrimle-området». Standen er en viktig arena for kontakt med våre brukarar, eksisterande og potensielt nye, både på eInnsyn, Altinn-løysingane og dei andre fellesløysingane Digdir er ansvarleg for. Her kan du møte Bodhild Therese Cirotzki, Ole Jomar Moen, Siv Kvåle Sanden og Erling Laugen.