Hopp til hovudinnhald

Mandag 7. desember kl, 16:00 ble det produksjonssatt ny versjon av ELMA. Produksjonssettinga omfatta i hovudsak innføring av ein ny rolle, Access Point Provider, for å leggja til rette for den kommande endringa i avtalestrukturen i Peppol.

02. desember 2020

Ny funksjonalitet

  • Inføring av rolla Acess Point Provider. Den nye rolla overtek alt som har med administrasjon av aksesspunkter
  • Rolla "Participants" vil ikkje lenger ha ein direkte kobling til aksesspunkta. Desse vil liggja direkte under ein Service provider
  • Enkel flytting av "Participants" til ein anna Service Provider.

Nye brukarnamn

Etter produksjonssetting vil det vera ein Service Provider per aksesspunkt. Den Service Provideren som har flest "participants" vil ha det gamle brukarnamnet. Dersom det er fleire aksesspunkt, så vil dei andre få lagt til 2,3 også vidare bak brukarnamnet. Passordet for desse vil vera det same som før.

Den nye Access Point Provider-rolla vil få same passord og eit brukarnamn som vert prefiksa med ap_. Eksempel: Dersom ditt brukarnamn idag er: user , vil det nye brukarnamnet vera: ap_user.

Endringar i datasett på datahotellet (hotell.difi.no)

I datasettet "participants" vert dato-formatet for "Registration date" endra til å vere på formatet: YYYY-MM-DD. Eksempel på gammalt format: «2020.04.12». Eksempel på nytt format: «2020-04-12»

I datasettet "documenttypes" vert nye felt lagt til (RequiredICDs, Dependencies og Domain) og dei tre eksisterande kolonnene endrar namn for å få alle kolonnenamn på engelsk.

Sjå elles oppføringa for ELMA-datasetta på data.norge.no for generell info om datasetta på datahotellet.