Hopp til hovedinnhold

Fleire og fleire offentlege verksemder effektiviserar og forenklar sine prosessar ved hjelp av eSignering. Nav har forkorta prosessen med farskapserklæring frå fleire veker til minuttar ved hjelp av eSignering.

25. oktober 2021

Informasjonsfilm fra NAV om digital farskapserklæring. Vist under Digitaliseringskonferansen 2021.

Enkel, rask og riktig

Tidlegare måtte farskapserklæring signerast fysisk ved å møta opp hjå Helse, Nav eller Skatt. Ved å ta i bruk eSignering har NAV utvikla ei løysing som er enkel, rask og riktig for dei rundt 25 000 ugifte som kvart år tidlegare har måtte møte opp fysisk for å erklære farskapet.

Digital farskapserklæring vert teken i bruk som pilot i juni og vart tilgjengeleg for alle frå 29. september.

Har de teke i bruk eSignering?

Om di verksemd har teke i bruk eSignering og har eksempel på prosessar de har effektivisert og forenkla og som vi kan presentere her, vil vi gjerne kome i kontakt med dykk. Ta kontakt med oss på servicedesk@digdir.no.