Hopp til hovudinnhald

Aldri har det vore enklare å signere eit offentleg dokument. Mange offentlege verksemder arbeider med å effektivisere og forenkle sine prosessar og har teke i bruk eSignering. Eit eksempel på dette er NAV som har laga ei digital farskapserklæring med elektronisk signering.

11. juni 2021

Informasjonsfilm fra NAV om digital farskapserklæring. Vist under Digitaliseringskonferansen 2021.

Enkel, rask og riktig

NAV beskriv den nye løysinga som enkel, rask og riktig. Enkel fordi farskap vert erklært digitalt utan fysisk oppmøte. Rask fordi prosessen vert forkorta frå veker til minutt. Og riktig då farskap blir direkte oppdatert i Folkeregisteret med riktige opplysningar.

Digital farskapserklæring vert teken i bruk som pilot i løpet av juni og vert tilgjengeleg for alle rett over sommaren.

Har de teke i bruk eSignering?

Om di verksemd har teke i bruk eSignering og har eksempel på prosessar de har effektivisert og forenkla og som vi kan presentere her, vil vi gjerne kome i kontakt med dykk. Ta kontakt med oss på servicedesk@digdir.no.