Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsdirektoratet har inngått ny avtale med Posten om drift av løysinga eSignering. Posten Bring AS var ein av tre tilbydarar som konkurrerte om å levere løysinga for digital signering i offentleg sektor.

06. desember 2023
Bilde av kvinne med telefon

Det er over 660 offentlege verksemder som bruker eSignering. Løysinga gjer at etatar, kommunar og verksemder kan motta signerte dokument digitalt på ein sikker, brukarvennleg og effektiv måte.

Enklare, raskare, billigare

Bruken av eSignering aukar kraftig, og dei tre siste åra er over seks millionar dokument signert digitalt gjennom løysinga. Det sparer samfunnet for over 25 millionar kroner årleg.

- Den noverande kontrakten med Posten går ut i april 2024. Sidan dei leverte det beste tilbodet, held vi fram med samarbeidet om drift av eSignering. Det er vi særs fornøgd med. Fellesløysinga er viktig både for forvaltninga og innbyggarane og gjer prosessen med å signere dokument enklare, raskare og billigare, seier fagdirektør Stig Slaatto-Hornnes i Digdir.

Digdir er sentralforvaltar av eSignering. Sjølve drifta av fellesløysinga blir anskaffa gjennom konkurranse i leverandørmarknaden.

Takkar for tilliten

– Vi takkar for tilliten, og er veldig fornøgd med å få fortsette å levere digital signering til offentleg sektor. eSignering har hatt ei god utvikling sidan oppstarten, og vi vil jobbe vidare for å gjere det brukarvennleg og sikkert å signere dokument, seier Thomas Mathisen, leiar for Digipost.

Avtalen mellom Digdir og Posten Bring AS har ein verdi på inntil 30 millionar kroner og gjeld for tre år. Avtalen kan forlengast med eitt år om gongen.

Kontakt

Stig Slaatto-Hornnes

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90541534

Thomas Mathisen

Telefon: 91 88 80 61