Hopp til hovudinnhald

Vi har no ferdigstilt produktgruppestrategien for datadeling, og denne er godkjent i styringsrådet for fellesløysingane.

Framsidebilete produktstrategi

Strategien understøtta regjeringa sitt ynskje om å skape verdi gjennom dei data som offentleg sektor forvaltar, og skal bidra til at me går mot eit datadreve offentleg forvaltning.

Produkta som inngår i strategien er Data.norge.no, Datafabrikken, Datalandsbyen, Rammeverk for informasjonsforvaltning, data.altinn.no og Datahotellet. Det vert teke omsyn til generelle prinsipp som ligg føre, trendar som påverkar oss, og viktige strategiar og føringar.

Føremålet er å vise korleis me ser føre oss utviklinga i eit mellomlangt perspektiv. Vegkartet representerer eit forsøk på å sjå litt fram i tid.

Under kan du lesa heile strategien.