Hopp til hovudinnhald

Denne veka arrangerer sak/arkiv-leverandøren Acos sitt årlege brukarseminar i Trondheim 25. og 26. april. Digdir er på plass og skal ha eige stand, og vi håpar å treffe deg der óg.

Variert program

Det er eit variert program under årets konferanse. Deltakarane skal mellom anna få høyre meir om tema som digital utvikling, automatisering av arbeidsprosessar, framtidas saksbehandling, kunstig intelligens og motivasjon i arbeidskvardagen.

Kom innom Digdir-standen

Aud Inger Sviggum frå marknadslaget i Digdir vil vere å treffe på stand under konferansen. – Det er viktig for oss å treffe samarbeidspartnarar, lytte til behov, pleie relasjonar, informere godt om Digdir og verdien av fellesløysningane og andre verkemiddel vi tilbyr.

Saman med aktørar som Acos, KS-DIF, regionale digi-nettverk vil vi bidra til forenkling og forbedring av offentlege tenester, sier Aud Inger Sviggum.

Velkommen innom!

Kontakt

Aud Inger Sviggum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 40 60 62 22