Hopp til hovudinnhald

Studentane som er med på årets DigdirCamp på Leikanger har fått ei høgaktuell oppgåve i fanget: Dei skal forske fram ei «digital lommebok» basert på økosystemet som SSI (eigenkontrollert identitet) tilbyr.

13. juli 2021
Bilde av Digdir-camp
ÅRETS CAMPARAR: Framme frå venstre Gunvor Huso, Ingunn Langtangen Furuberg, Eirik Schøien, Vilde Taklo Kenworthy, Jonas Hjelle van Weert, Martin Immanuel Agnalt Burgos, Juni Bugge og Inger Yri.

Kontroll på eigen ID og data

Før sommaren lanserte EU-kommisjonen ein plan om ein felles eID for innbyggarar i Europa - basert på SSI. SSI er ikkje ei teknisk løysing, men ein trend og ein motreaksjon mot datagigantane som Facebook, Apple og Google som samlar mengder med data om oss brukarar – data som vi sjølv ikkje har oversikt over eller kontroll på bruken av.

For å få kontroll på eigen identitet og data, ser ein for seg at vi i framtida får ei «digital lommebok» med identitetar for pålogging til for eksempel Facebook, nettbutikkar, bankar og helsevesen. I tillegg kan ein samle eigen informasjon i lommeboka i form av bevis som brukaren kan dele med ulike aktørar ved behov.

Dei åtte Digdir-camparane, som med unntak av ein kjem frå ulike it-studium ved NTNU, skal lage eit eksempel på ei slik lommebok, og gi råd om korleis Digdir kan jobbe vidare på dette feltet.

Kva er DigdirCamp?

Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Vi gir sommarjobb til inntil åtte studentar, frå midten av juni til midten av august 2021. På DigdirCamp får studentane bruke kunnskapen og ferdigheitene sine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Spennande - og krevjande

Det summar i prat, litt latter og knatrar i tastatur på det store møterommet i Leikanger der årets åtte camparar har kontorplass. Vi forstår at oppgåva er både spennande og krevjande.

- Vi må lese oss opp, diskutere og så lese meir. Så snakkar vi innimellom med utviklarane som sit i kontorlandskapet her. Vi er også i kontakt med eksterne kompetansemiljø, forklarer Martin Immanuel Agnalt Burgos, NTNU-ar frå Bergen.

Studentane har organisert seg i to grupper – frontend og backend – som i løpet av sommarvekene skal levere ein POC, ei løysing som demonstrerer korleis dette kan fungere.

- Det er spennande å få vere med på å utforske temaet. I tillegg til POC-en skal vi levere ein rapport, seier Vilde Taklo Kenworthy som er Oppegård-jente og NTNU-student.

Undervegs vil studentane presentere status og gi demonstrasjonar til resten av organisasjonen gjennom møte på teams.

Mykje moro

Studentane jobbar tett, bur i lag på Sogndal folkehøgskule og opptrer dermed som ein kohort. Det betyr at dei brukar tid saman heile døgnet, også på fritida.

Då er det tid for mellom anna bading i Sognefjorden, fjellturar og RIB-turar.

Sjå studentane sin eigen film av deiras kvardag på Digdir

Film: Inger Yri