Årets første produksjonssetting i ID-porten

Den 26. januar er det planlagt ei produksjonssetting i ID-porten, som skal klargjere for nye modular i ID-porten. Det er venta nedetid i samband med produksjonssettinga i tidsrommet 00:30-01:30.

19. Jan 2021

Innhaldet i den produksjonssettinga er tilrettelegging for ny kontaktregister-modul, som seinare skal takast ut av ID-porten-flyten. I tillegg vert det tilrettelagt for ny MinID-modul som på sikt skal takast ut av OpenAM. Merk at produksjonssettinga gjeld klargjering, dei nye modulane vert ikkje produksjonssatt.

Digdir fekk ny visuell profil i haust, og i denne produksjonssettinga vert den nye logoen til ID-porten lagt inn i footeren. Alle fellesløysingane har fått nye logoar.