Hopp til hovudinnhald

I samband med at PIN-kodebrev til MinID no er utfasa er det laga ein video retta mot skulesøking.

16. januar 2023

Endring for skuleelevar

Det er ikkje lenger mogleg å nytte PIN-kodebrev ved innlogging med MinID. No er det kode på SMS og app som gjeld.

PIN-kodebreva vart avvikla då dei ikkje lenger innfrir krav til sikkerheit som er sett for MinID.

Dette medfører ei endring for skuleelevar som skal søke vidaregåande utdanning. I mange år har Digdir sendt PIN-kodebrev til alle 10.-klasseelevar før jul. Dette vart gjort utan at elevane sjølv måtte bestille brevet.

No, når PIN-kodebreva ikkje lenger er gyldige, er det endring i rutinane. Elevane må sjølv bestille aktiveringsbrev.

Vi har oppretta ein rettleiingsvideo for å hjelpe elevane og rådgjevarane i skuleverket på veg.

Sjå videoen her