KCD (Kubernetes Community Days) vart gjennomført 24.-25. januar i Oslo, og Digdir var på plass. Konferansen er ein møteplass for å dele, lære og bygge fellesskap. Digdir hadde to innlegg på konferansen.
I Norge er det stort fokus på å bygge smidige applikasjonsplattformer på toppen av Kubernetes. Dette er med på å gi utviklarar ein enkel veg til å køyre og vedlikehalde sine applikasjonar.
For å kunne utvikle våre driftsmiljø vidare, er det viktig for Digdir å delta og bidra i slike forum.
Digdir på scena
Digdir bidrog med to presentasjonar under konferansen, og fekk gode tilbakemeldingar på innlegga. Du finn presentasjonane frå innlegga under.
Vi ser stor verdi i å delta på denne typen konferansar. Det gir oss ein kjempegod moglegheit til å lære og utvikla oss sjølv, i samarbeid med andre fagmiljø innafor same område.