Hopp til hovedinnhold

Dei aller, aller fleste av oss har brukt ID-porten for å logge inn til ei offentleg teneste. Men veit de historia bak løysinga?

02. oktober 2023

Historia om MinID og ID-porten

MinID vart eigentleg til ved eitt uhell, eller rettare sagt ein tilfeldigheit. For det var Sikkerheitsportalen som skulle bli den felles offentlege innloggingsløysinga. Brønnøysundregistera fekk i 2005 i oppdrag å etablere ein portal for eID-løysingar som alt fantes i marknaden, og levere tenester for autentisering og eSignering til offentleg sektor.

Borgarportalen MinSide var blant dei første tenestene som skulle bruke Sikkerheitsportalen, men sidan denne stadig vart utsett og til slutt ikkje vart noko av, fekk nyoppretta Difi i oppdrag å utvikle ei «midlertidig innloggingsløysing».

Første versjon av MinID var klar i desember 2006 etter tre hektiske månader utviklingsarbeid.

Borgarportalen MinSide vart lagt ned i 2012, men MinID med Single Sign-on/off til andre tenester løyste eit behov i marknaden og fekk leve vidare.

Frå eingongskodar til PIN-kodar

Vi må heilt tilbake til 2007 - det året den første iPhonen vart lansert og TV2 nyhetskanalen hadde si første sending.

Sjølvmeldinga kunne no leverast digitalt, noko ein sjølvsagt måtte logge inn for å få gjort. Heilt i starten fekk vi eingongskodar i samband med skattemeldinga.

No skulle vi over til å ha PIN-kodar som kunne gjenbrukast og måtte takast vare på.

Med det var MinID eit faktum.

I desember 2008 vart det sendt ut PIN-kodebrev til alle innbyggarar over 18 år. Dei som den gong jobba på det som då vart kalla brukarstøtte for MinID kan skrive under på at telefonane aldri stod stille. "Alle" ville vite kva desse kodane skulle brukast til.

Det var til og med ein konkurranse for å lage den beste MinID-videoen for å hugse passordet.

Noreg skulle digitaliserast!

Det var nokre kloke hovud som fann ut at det ikkje nødvendigvis berre var sjølvmeldinga som kunne leverast digitalt.

Kvifor skulle ein ikkje kunne bruke desse PIN-kodane til fleire offentlege tenester på nett?

Då var digitaliseringsballen begynt å rulle.

Snart kom fleire og fleire tenester på, som NAV, Lånekassen, Vigo og SPK, og kommunane i Noreg kom inn ein etter ein. Også enkelte helsetenester vart lettare tilgjengeleg for folk flest - no kunne du byte fastlege på nett.

Etterkvart vart det behov for høgare sikkerheitsnivå enn MinID kunne tilby. I 2010 kom Commfides og Buypass inn, og ID-porten vart fødd.

Med høgare sikkerheitsnivå tilgjengeleg kunne ID-porten takast i bruk i helsesektoren og! No kunne du logge inn for å lese din eigen journal, sjekke vaksiner og sjå dine reseptar.

I 2012 vart BankID ein del av ID-porten, og nivå 4-tenester vart enda meir tilgjengeleg for innbyggarane.

I 2015 var BankID på mobil på plass, i 2016 Buypass i mobil.

Kake ved kvar nye 100.000 innlogging

I tida mellom då MinID berre var MinID og til den gjekk over til å vere ein del av ID-porten var det ikkje uvanleg at me feira auka i bruken. Når vi bikka 100.000 innloggingar over ei viss periode feira vi med ei kake.

Dette måtte vi slutte med relativt tidleg, for helsa si skuld.

Bruken av MinID og ID-porten eksploderte tidleg, og pilene har sidan berre peika oppover.

Per 30. april 2023 har over 1670 verksemder tatt i bruk tenesta, og det er fleire innloggingar pr. månad no enn det var på eit heilt år i starten.

Nå ligger alt til rette for utvikling av flere og mer avanserte digitale tjenester. Dette gir mer effektiv bruk av offentlige ressurser og et bedre digitalt tjenestetilbud til innbyggerne

Så, istadenfor snipp snapp snute seier me som dei seier i Hollywood:

To be continued...