Hopp til hovudinnhald

Digdir har behov for å arbeide noko meir med nye ID-porten før vi går i ordinær produksjon med full SLA. Leveransen har vore planlagt ferdig 30. mai, men slik det ser ut no er vi i mål med dette i slutten av juni.

26. mai 2023

Aktivitet på nye ID-porten

Sjølv om vi enda ikkje leverer nye ID-porten med full SLA, så er omlag 40 tenester på løysinga. Vår erfaring er at dette fungerer veldig bra.

Vi ynskjer oss meir trafikk på løysinga, og anbefalar alle som har ikkje kritiske tenester å flytte over no.

Nytt webinar

6. juni kan de delta på vårt neste webinar. I dette webinaret vil du få en demo av ny funksjonalitet i nye ID-porten. Vi har og med oss Enova SF som var den første kunden på løysinga. Dei vil fortelje om sine erfaringar og dele nokre tips med deg som no skal i gang med denne jobben.