Hopp til hovudinnhald

Nye ID-porten er klar i både test og produksjon. Ein del kundar har allereie flytta over, og først ute var Enova SF som fekk velfortent kake! Bli med på webinar og høyr deira erfaringar.

29. mai 2023
Kake med teksten "nr 1 på nye ID-porten"
Enova fekk velfortjent kake som første kunde over på nye ID-porten.

Spanande webinar

Enova SF blir med oss i det fjerde webinaret om flytting frå gammal til ny plattform på ID-porten den 6. juni. I tillegg til å høyre erfaringar frå dei, vil de også få ein demo av ny funksjonalitet.

Lenke til påmelding til webinaret finn du under.

Har du flytta?

Ein del kundar har flytta tenester over på nye ID-porten, og mange er i gang med testing, men det er framleis mange som gjenstår. Om de ikkje har starta å førebu migrering vil me anbefale at det startar i dag.

Me står klar til å hjelpa deg, og du finn all informasjon på Samarbeidsportalen.