Produktfilmane for fellesløysingane sikra designprisen «Visuelt 2022» til byråa Dinamo og Racecar denne veka. Filmane vart laga på oppdrag fra Digdir i 2021. Me gratulerar byråa, og er stolte over dei gode produktfilmane våre.
Dinamo og Racecar fekk prisen i kategorien "informasjonsfilm-infografikk", og utdelinga skjedde i Oslo onsdag.
Juryen si grunngjeving
Visuelt-prisen er ein årleg konkurranse innan visuell kommunikasjon, og har som målsetting å inspirere til nytenking og høg fagleg standard. Organisasjonen Grafil står bak prisen.
Informasjonsfilmene for fellesløsningene er en elegant serie med filmer som er friske og nye i uttrykket innenfor infografikk-kategorien. Design, illustrasjon, fargebruk og animasjon er av ypperste klasse. Med et luftig design og et rolig tempo ufarliggjøres overgangen til en digital verden på en pedagogisk måte.
På nettsida til Grafil kan du lese meir om prisen og sjå eit opptak der juryen grunngir tildelinga.
Korte, presise filmar
- Me ville dele verdibudkapet rundt bruken av fellesløysingane på ein ny måte, seier Mari Jøndahl i markedsteamet til Digdir om bakgrunnen for informasjonsfilmane. Andre sentrale punkt i bestillinga frå Digdir var at:
- Filmane skulle dele verdibodskap rundt bruk av fellesløysingane på ein ny måte som skulle fungere på dei digitale flatene.
- Filmane skulle vere korte og presise, og ikkje vere lengere enn 1 minutt.
- Filmane skulle appelere til dei som jobbar med digitalisering, og få dei til å sjå moglegheiter og knytte det opp mot eit viktig samfunnsoppdrag.
- Samtidig var det også viktig at filmane snakka til mottakarane som innbyggjarar og brukara av dei same løysingane, for å få fram korleis fellesløysinga leverar på samfunnsoppdraget.
Dinamo og Racecar fekk frie tøyler til å komme tilbake til oss med ein stil dei mente traff og som samtidig ivaretok profilen vår.
Resultatet dei kom tilbake med var denne "lette" og litt enkle profilen som brukar elementa av det me har i ikona våre.