Test-Norge og Tenor testdatasøk er vinnar av innebygd personvern-prisen til Datatilsynet. Tenor testdatasøk er ei løysing som tilgjengeleggjer syntetiske testa for verksemder som har behov for nøyaktig testing, utan å måtte benytta reelle personopplysningar. Digdir er ein av fleire offentlege verksemder som er med i samarbeidet rundt Tenor.
Juryen peikar på at løysinga støtter opp under innebygd personvern, ikkje berre ved å gi tilgang til bruk av testdata med minimale personvernkonsekvensar, samstudens som det gjer testinga langt meir realistisk. Testfasen er ein avgjerande fase i utviklinga av ei løysing. Bidraget dekkar eit nasjonalt behov for testing av løysingar med integrasjon mot dei større offentlege etatane, uttalar Janne Stang Dahl, konstituert direktør i Datatilsynet.
Samarbeid mellom verksemder
Tenor er eit samarbeid mellom fleire offentlige verksemder, og i tillegg til Digitaliseringsdirektoratet deltek Brønnøysundregistrene, Norsk Helsenett, Kartverket, Lånekassen, Skatteetaten, Statens pensjonskasse, Statistisk sentralbyrå, Statens vegvesen, Tolletaten, NAV og Utlendingsdirektoratet.
Skatteetaten har driftsansvar og forvaltningsansvar for løysinga.