Hopp til hovudinnhald

Frå 21. november 2023 til 23. januar 2024 vil det ikkje vere Single sign-on (SSO) mellom SAML og OIDC på ID-porten.

27. oktober 2023

21. november kl. 06.30 rutar vi om all OIDC-trafikk frå dagens ID-port til nye ID-porten. Det betyr at all OIDC-trafikk går på nye ID-porten medan all SAML-trafikk er att på dagens ID-port.

Det vil frå dette tidspunktet ikkje vere Single sign-on (SSO) mellom SAML og OIDC. Det betyr at dersom de har ein SAML-teneste som tidlegare har hatt SSO til ein OIDC-teneste, så må sluttbrukar no logge inn på nytt, der dei tidlegare har blitt sendt saumlaust vidare mellom tenestene.

23. januar 2024 blir SAML flytta til nye ID-porten, og det vil igjen vere SSO mellom SAML og OIDC.

SAML skal på sikt avviklast, og vi anbefalar alle våre kundar å ta i bruk OIDC.